I dag mens eg lagde middag, står Oskar med undrande blikk ut vindauget. “Æ de ei padde elle ei rotte?” Han hadde fått auge på eit eller anna som levde der ute i bakgarden vår. Me fant ut at det beste var å springe ut og sjekke ut kva det var. Me konkluderte til slutt med at det måtte vere ei rotte og ikkje ei mus, fordi halen var så tjukk. Så nå har me funne ut at me har dyr i bakgarden vår. Eg måtte le då eg såg at Oskar hadde kommenter på facebook at “Har nettopp oppdaget at mi har rotter i hagen”, me har jo eigentleg ikkje noko hage. Hagen er ein bakgard der det er alt for lite aktivitet. Men det er fordi bygga rundt er så høge at det ikkje kjem noko sollys inn.Så kanskje det ein dag kjem utelys, då hadde det vorte stemning!
I går var eg på lovsang Bergen i Grieghallen. Fantastisk kveld. Først var det eit seminar med Karsten Isachsen, deretter ein lovsangskonsert og nokre ord frå Karsten. Tenk at me kan vere ca 1500 saman og lovsyngje og tilbe Gud utan at nokon kjem. Me lev i eit fritt land, men spørsmålet er: kor lenge vil kristen Noreg vere slik det er? Det blir jo berre meir og meir avkristna som tida går. Har ikkje me eit kall til å vere eit lys i dagens mørke? Me må vakna opp og utruste oss med Guds rustning.
I morgon kjem Eli Grete til Bergen. Først skal eg symja, deretter henta ho med bystasjonen kl 10.00. Stas
Og om kvelden skal me samlast hjå Anne Berit nokre folk frå klassen. DET blir ein koonge dag i morgon!
“Ro deg ned, sit bare stille. Sett i kontakten og be til Gud. Løft så ditt blikk, fest det på Jesus. Han gir deg kraften du trenger!”
La Gud få styra livet ditt. Det er ikkje sikkart kvardagen blir mindre hektisk, men du har ein som har kontroll og bryr seg. Når du lar han få kontroll, kan du få ein smak av korleis livet eigentleg burde vore.
Guds fred!

jilt å lesa om kæ så skjer Karen. lyst på besøg ei helg?
JA!! Det hadde vore kjempe kjekt! Korleis er helgene framover?