Kjelder:
Innlegg
kommentarar

Å vere godhjarta

Ein dag går eg med ein vennegjeng ute i gata. Me har spelt fotball og er nå på veg heim for å ete. På vegen bort til taxiane, kjem ein gut bort til meg og spør om han kan få noko. Eg seiar nei, samstundes som han seiar noko meir som eg ikkje forstår. Det oppfattar kameraten min på sida mi. Han går bort og omfamnar ansiktet med to gode, milde hender og snakkar litt med han. Eg ser han endar opp med å gje han noko, men det var ikkje det som greip meg mest. Eg sit igjen med ein håplausheit over meg sjølv. Er ikkje me kalla til å gjere ein forskjell her i verda, og når den kjem til meg, endar det opp med at eg seiar nei?

Eg har tenkt lenge på denne episoden. Kven var det Jesus var med medan han vandra på jorda? Jo, det var nettopp sjuke, heimlause, vanskelegstilte, utstøtte osb. Kva ville Jesus ha gjort i den situasjonen eg var i, ville han sagt nei eller ville han gitt noko? Eg trur han ville ha vore det menneske som tok denne guten i hendene sine og snakka litt med han. Jesus var oppriktig glad og interessert i menneska han møtte på. Eg ber om forbøn at eg kan møta menneske møter på same måte.

LYKKEN ER:

Lykken finnes på vår jord, bare ikke der du tror

Den er ikke penger i banken, tiger på tanken

Lykken er ALT du vil

Lykken er et spann med sand i en liten barnehand

Lykken er en hilsen fra gjengen, frokost på sengen

Lykken er sild i dill*

 

Om du ser deg omkring – tusen ting kan gi deg litt av lykken du vil nå

Ja, den finnes der hvor du er, det er jo bare deg den venter på!

Lykken er en gammel hatt, som en bestevenn har hatt

Lykken er en time på badet, varm sjokolade

Lykken er ditt og datt*

Lykken er krystallklart vann, fingrene i solvarm sand

Å få rusle barbent i gresset, uten adresse

Lykken er deg og meg

 

Lykken er å være russ, og å nå den siste buss

Lykken er blant trærne i parken, hjerter i barken

Lykken er sus og dus*

 

Om du synger en sang, prøv en gang å late som om den er gjort til deg

Prøv med denne her, lykken er jo der hvor du er!

 

Undeserved kindness= Nåde

“En gang til kommer jeg, et lite barn til deg min store Far.

Jeg ville bare spørre deg, om du kan passe på meg i natt.”

 

Oslo var koonge!

Herre, gje meg dine auge,
Så eg ser når andre har det vondt.
Herre, gje meg dine auge,
Så at eg kan skimte smerte gjennom smil
.

Herre, gje meg dine øyre,
Så eg høyrer hjertes stille gråt.
Herre, gje meg dine øyre,
Så at eg kan høyre tause rop om hjelp
.

Herre, gje meg din munn
Som sier ord som gleder.
Ord til oppmuntring,
ord til trøyst, ord som gjev håp.

Herre, gje meg dine hender,
Som alltid mot alle er strakt ut,
Som klappar ei nedtyngd skulder,
som stryk bort ei tåre, som gir og tar imot.

Herre, gje meg av ditt hjerte,
Så eg lir med menneske som lir,
Så eg gler meg med dei glade,
Så at eg kan elske, elske slik som Du.

I julens kjas og mas

“Ro deg ned,

sitt bare stille.

Sett i kontakten

og be til Gud.

Løft så ditt blikk,

fest det på Jesus.

Han gir deg kraften du trenger. “

Sjå forbi det du ser og og ver der du er nå. Ikkje vent på at livet skal begynne, det har begynt og du er midt inni det.

Forandring frydar!?!

Gud svarer bøn. Du må berre hugse å sjå tilbake på bønene dine, så ser du at du har fått svar. Kanskje ikkje slik du hadde håpa på, men eit svar har du i allfall fått. Eg har fått eit svar på mi bøn, og det er at eg skal flytta. Eg skal byrja som eittåring på Sygna VGS i Balestrand, Sogn. Blir sikkert eit fantastisk år, men eg klarar ikkje alt åleine. Derfor håpar eg at du som les kan vere med å be om at me som miljøteam må bli brukt slik Gud vil. Takk for forbøn!

Guds fred.To jenter utpå by'n

Kjekt med Eli Grete på besøk!

I dag mens eg lagde middag, står Oskar med undrande blikk ut vindauget. “Æ de ei padde elle ei rotte?” Han hadde fått auge på eit eller anna som levde der ute i bakgarden vår. Me fant ut at det beste var å springe ut og sjekke ut kva det var. Me konkluderte til slutt med at det måtte vere ei rotte og ikkje ei mus, fordi halen var så tjukk. Så nå har me funne ut at me har dyr i bakgarden vår. Eg måtte le då eg såg at Oskar hadde kommenter på facebook at “Har nettopp oppdaget at mi har rotter i hagen”, me har jo eigentleg ikkje noko hage. Hagen er ein bakgard der det er alt for lite aktivitet. Men det er fordi bygga rundt er så høge at det ikkje kjem noko sollys inn.Så kanskje det ein dag kjem utelys, då hadde det vorte stemning!

I går var eg på lovsang Bergen i Grieghallen. Fantastisk kveld. Først var det eit seminar med Karsten Isachsen, deretter ein lovsangskonsert og nokre ord frå Karsten. Tenk at me kan vere ca 1500 saman og lovsyngje og tilbe Gud utan at nokon kjem. Me lev i eit fritt land, men spørsmålet er: kor lenge vil kristen Noreg vere slik det er? Det blir jo berre meir og meir avkristna som tida går. Har ikkje me eit kall til å vere eit lys i dagens mørke? Me må vakna opp og utruste oss med Guds rustning.

I morgon kjem Eli Grete til Bergen. Først skal eg symja, deretter henta ho med bystasjonen kl 10.00. Stas :) Og om kvelden skal me samlast hjå Anne Berit nokre folk frå klassen. DET blir ein koonge dag i morgon!

“Ro deg ned, sit bare stille. Sett i kontakten og be til Gud. Løft så ditt blikk, fest det på Jesus. Han gir deg kraften du trenger!”

La Gud få styra livet ditt. Det er ikkje sikkart kvardagen blir mindre hektisk, men du har ein som har kontroll og bryr seg. Når du lar han få kontroll, kan du få ein smak av korleis livet eigentleg burde vore.

Guds fred!

Student?

Livet som student er ikkje berre berre.. Tida går og eg heng litt med i svingane. Men eg gler meg til å koma skikkeleg i gong. Folka i kollektivet er konge, så her er det berre til å koma på besøk.

På laurdag skal eg til residens Bergen. I tillegg til meg, kjem nokre jenter og ein del politistudentar og.. Så det kan bli ein interessant kveld. Elles gler eg meg til helg. Skal begynna på noko pensum og berre chille maks.

Elsk fiendane dykkar!
43 De har høyrt det er sagt: ‘ Du skal elska nesten din og hata fienden din.’ 44 Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, [velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk,] og be for dei som [talar vondt om dykk og] forfølgjer dykk. 45 Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47 Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                          – Matt. 5, 43-48


Vår 2010

No er det siste innspurt her på haugen. Me er ferdige med NRK prosjektet, (som forresten blir vist på NRK 9 og 16 Mai kl 18.30) snart ferdig med siste vårfest på Kongshaug,  og ikkje minst, me har sol og godt vêr! Russen er i gong, litt i alle fall, og eksamen- og tentamenlesinga er i gong.

Sidan sist eg skreiv noko her, så mykje skjedd.  Var ei veke på Grand Canaria. Hovudsakleg saman med Rebekka og Helene, men Sverre, Anneline og Maria Elena var og med. Var ein kanon kjekke tur. Fekk bada, kopla av og lada batteria igjen. I tillegg har me hatt vårball, bra innsats av 1 klassingane i år og. Sist helg var me ein gjeng som reiste på kristenrusstreff i Kragerø. Det var kjekt. Litt lang reise heim att, men me kjekke folk og god stemning, løysar det meste seg.

Eg ventar på svar i frå HALD i forhold til neste år. Eg har enno ikkje bestemt meg om eg reisar eller om eg blir i Bergen. Det er så vanskeleg. Og alt må bestemmast no medan eg gjer siste rest på Kongshaug. Men det som er greitt er at eg har i allfall ein jobb i sommar og deaktivert kontoen min på Facebook. Så berre gje meg ein lyd via mobilen, alltid kjekt! Eller mail og brev :)

Eg likar dette bilete :)

Peace Ü

Helg:)

Sist helg var kanon kjekk! Me fekk besøk av Vision! Dei gjorde ein kjempe innsats for fellesskapet og ikkje minst, så ville dei formidla fellesskapet med Gud. Denne helga gav meg ein ny “push” til å gjere ting i kvardagen og ikkje berre gleda meg til helg. Ein kan gjera kjekke ting i kvardagen og! Det gav meg lysten til å vere med i eit team sjølv. Kven veit, kanskje det blir team på meg ein gong i framtida..?

Denne helga blir og kjekk. I morgon reisar eg til byen for å feire Runa, i fransk stil. Kan by på mange opplevingar:) Eg gler meg. I tillegg er det min dag på laurdag. Då skal me feire oss jentene som fylte året denne veka. Både Ingrid KS og Ida Kathrine blei 19, så då tek me ein felles feiring.

I dag har me gjort nye innspelingar til NRK og me skal ta endå meir i morgon. Det skal verta tungt, men me fikse det. Ta ein song om gongen:) Terje er ein artig skrue. Eg frydar meg når han dirigerar, for ein fyr!

I dag var eg på møte og Anker snakka om Guds lam. Det blei eigentleg ganske sterkt i forhold til at det snart er påske. + Eg fekk eit nytt syn på Abraham si historie. Abraham skulle til å ofra sonen sin, men Gud stoppa han. Me snakka litt om dette i dag. At dette bilde er eigentleg ganske likt då Gud ofra sin son. Forskjellen er at Gud ofra sonen sin, det gjorde ikkje Abraham. Gud ville berre sjå om Abraham stolte så på Gud slik han sa han gjorde. For ein forteljing! I tillegg blei dette gjort på Morialandet. Og Jerusalem er bygd på moriafjellet. Kanskje dette blei gjort der Golgata er i dag? Gud er stor og tinga han gjer, er nok meir tenkt igjennom enn det me trur og ser.

Les historia her: http://www.bibel.no/Hovedmeny/Nettbibelen.aspx?book=GEN&chapter=22    Eller 1. Mos. 22.

Forresten, eg syns det er kaldt å bade. Det gjer vondt.. Eg vil ha litt varmare vatn.

Peace and love Ü

Eldre innlegg »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.